Nyhende frå Ægir Bryggeri - Mai 2011
Kjære ølentusiastar!
Interesse for Ægir-øl berre veks, og her er litt nyhende om kva som skjer!
Auka distribusjon for Ægir butikkøl
I tillegg til at ølet vårt er tilgjengeleg i NorgesGruppen butikkar, byrja Coop å føre produkter frå Ægir. Allereie frå neste veka kommer dei 70 største Coop-butikkane å få Bøyla Blonde Ale, Rallar Amber Ale og Sumbel Porter fast i hyllane.
Ægir Bryggeri tek all produksjon tilbake til Noreg!
Ved å bygge eit nytt produksjonsbryggeri i Flåm, mangedoblar Ægir Bryggeri kapasiteten og tek produksjonen heim att. Byggearbeidet er allereie godt i gang, og nybygget vil innehalde destilleri, lager og eit nytt produksjonsbryggeri med planlagt oppstart i januar 2012.
- Dette betyr at all brygging vil skje i Flåm. Ægir Bryggeri har over det siste året måtte brygge på lisens i Belgia for å kunne møte ein auka etterspurnad i marknaden. - Denne løysinga har heile tida vore mellombels, men har hjelpt oss å få eit betre fotfeste i marknaden før vi tok ei endeleg avgjerd om å satse for fullt i Flåm. Samstundes med at bryggeriet hevar sin posisjon i marknaden, får kundane våre eit breitt utval med smaksrikt øl som igjen vert 100% lokalt og kortreist, seier Evan Lewis, gründer og bryggerimeister ved Ægir.
Bryggeripuben til Ægir i Flåm sentrum vert uendra og skal framleis vere flaggskipet til verksemda. Opphavleg anlegg vert brukt til meir utforsking, eksklusiv produksjon av spesialøl og mindre brygg, samt produksjon til sjølve puben og restauranten. - Med det nye produksjonsbryggeriet kan vi også ta på oss lisensbrygging for andre som går med draumen i magen om å få brygge sitt eige øl for sal, men som ikkje maktar den store investeringskostnaden som dette krev, seier Aud Melås, gründer og administrerande direktør for verksemda.
Ægir Bryggeri opna i 2007 og var kåra til Årets Bryggeripub i 2008, 2009 og 2010. I fjor hadde verksemda ein vekst i salsvolum på 115% med ein aukande distribusjon over heile Noreg og til utlandet. - Vi ser at marknaden er kjempe entusiastisk for ølet vårt og utbygging kjem til å gjere kundane endå meir nøgde og stolte av produktet, seier Lewis.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar